søndag 2. mars 2025
Datoen for opninga av nye Drammen stasjon er klar
Datoen for opninga av nye Drammen stasjon er klar
11. august skal togtrafikken gå på seks spor gjennom nye Drammen stasjon.
Drammen stasjon
Til hausten skal nye Drammen stasjon stå klar til bruk.
Foto: Aleksandar Kesonja, Bane Nor
Anders Wam Bjerkeseth– Journalist
Journalist
Publisert 13. feb. kl. 18:47
– Arbeidet er planlagt frå dag til dag, og for dei periodane vi må stanse togtrafikken, er det planar for kvar einaste time, døgnet rundt.
Det fortel prosjektsjef Hanne Stormo i ei pressemelding frå Bane Nor.
11. august i år skal nye Drammen stasjon stå klar. Dermed går togtrafikken på seks nye spor gjennom stasjonen.
– Det står ikkje att så mykje grunnarbeid. Det meste av tida går til dei jernbanetekniske arbeida og til ein omfattande kontroll av signal- og sikringsanlegg, fortel Stormo.
Det var Drm24 som omtalte saka først.
Byggeleder Glenn Thomas Johansen og prosjektsjef Hanne Stormo i Bane Nor på Drammen stasjon, som nå oppgraderes.
Byggeleiar Glenn Thomas Johansen og prosjektsjef Hanne Stormo i Bane Nor
Foto: Kjartan Rørslett / NRK
Fleire attståande stans i togtrafikken
Men før stasjonen kan gjenopnast for normal trafikk, står att det fleire stans i togtrafikken.
I påska, 10. mai, siste helga i mai og i midten av juni.
I tillegg kjem den store, seks veker lange togstansen frå 28. juni.
– Det blir også nokon kortare stans i togtrafikken etter opninga, skriv Bane Nor i pressemeldinga
Les også
Byggeprosjekt i Drammen får rekordhøg miljøskår
2023 var det også seks vekers togstans. Da omhandla planane 2600 aktivitetar, i 2025 er det 3000 aktivitetar som skal samordnast.
– Veldig mange entreprenørar og underentreprenørar er i sving samtidig, og det er viktig å passe på så oppgåvene ikkje kolliderer. 700–800 menneske skal jobbe døgnet rundt desse siste vekene, melder Bane Nor.
Illustrasjon av Drammen stasjon slik den skal bli etter oppgraderingen.
Slik ser utbyggarane for seg at Drammen stasjon ser ut når ho er ferdig.
Illustrasjon: Bane Nor
Arbeidar på sjølve stasjonen
På Drammen stasjon står det att arbeider med dei to siste plattformene nærast stasjonsbygningen, og dessutan glasfasaden til stasjonen.
I tillegg må nye vekslar leggast for å få ein tresporsstasjon til å bli ein fullt fungerande sekssporsstasjon.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar